Dans
Det er ikkje berre det norske språket i tale og skrift som har prega lagsfolka. Folkemusikken, folkeviseleiken og folkesongane har fylgd mållaget heilt frå starten, og endå meir nå då laget skifta namn. Det er og heilt i trå med føremålsparagrafen. Leik og song har vore faste innslag på møte og festar.
Leiken
Til det organiserte folkedansarbeidet høyrde songdansen, og det var Hulda Garborg som tok til med dette. Klara Semb førde arbeidet vidare. Det er ho som har arbeidd med turdansen i Noreg. I mange tiår reiste ho rundt, skreiv opp dansar og lærde dei frå seg att. Klara Semb var Oslo-jente og dansa i Hulda Garborg sin leikarring, og dei samarbeidde mykje. Klara Semb hadde leikskeid kring i landet, og var mange gonger i Haugesund. Laget starta opp med leikarring rundt 1930 og har vart heile tida sidan med vekslande medlemstal.
Mållaget sin leikarring har vore mykje brukt i festar og festlege samanhengar, også i offisielle høve. I samband med byjubileet i 1954 var ringen godt synleg, med brurefylgje og hesteskyss, kjøgemeister og spelemann. Åra etter dette var store leikarår, og mange nye kom med. Det var mange store tilskipingar i desse åra, med folkedans og leikarring. Dansarane var med på fleire utferder, og hadde og faste framsyningar på Hotel Saga, og Restaurant Bellevue om sommaren.
Også i 60-åra hadde leik- og folkedansarbeidet framleis vind i segla, og mange melde seg på til folkedanskurs. Leikarringen var eit eige lag innan mållaget, og økonomien var skiftande alt etter medlemstalet. Hovudlaget løyvde kvart år ein sum til leikarringen.
I samband med leik og dans i mållaget må vi nemna Astrid Hansen. Ho har arbeidd for leiken og dansen sidan midten på 1950-talet, og saman med mannen, Trygve Hansen har dei lagt ned eit stort arbeid for dansen. Trygve spelte og fele, og var med i Leiken Spelemannslag i mange år. Astrid var og heidersmedlem i laget, - heidra for innsatsen for leik- og dansearbeidet.
I dei gode åra var det og barneleikarring i laget, og det var nok Astrid Hansen, saman med broren, Åge Svendsen,, som drog i barneleikarringen i gang,og i 1955 melde det seg heile 155 born til ringen, og heldt på med vekslande hell fram til rundt år 2000. Det vart etter kvart vanskar med å få born som ville leika, så for tida har vi ikkje barneleikarring I staden har vi fått folkemusikkskule for born, og det har vore vellukka.
Astrid og Trygve Hansen gjekk begge bort i 2007.
Desse er med i dansenemnda i 2009:
Leiar John Weltzien, Haraldsg. 200, 5525 Haugesund tlf. 52 73 61 07, 918 95 736
Edith Aanderaa, Fjellmyr 30, 5532 Haugesund, tlf 52724966, 980 54 986
Jorunn Hansen Moldtjørnv 10, 5516 Haugesund, tlf 52735086
|