| |
Song og musikk i HMU.
Ved sida av leiken og dansen har det opp gjennom åra vor både kor og ulike musikkaktivitetar i laget, i tillegg til mange spelemenn som leikarringen har engasjert.. Alt i 1914 vart det første songlaget skipa, med lærar Nils Aarøy som leiar. Han var og organist. Han har skrive mange festsongar, nokre av dei er samla i ei bok "På heimleg grunn". Han skreiv og fleire kantatar, m. a. kantate til Haugesund sitt 50 års jubileun i 1916. Koret vart ikkje sa gammalt, det låg for det meste nede under 1. verdskrigen, Det vart teke opp att i 1922 of heldt på i nokre år, men interessa var ikkje stoe nok. Det vart og gjort eit forsøk i 1990, men det varde ikkje lenge.
Leiken Spelemannslag
Det har vore mange former for musikk opp jennom åra i mållaget. I 1979 starta ein opp med visegruppe, og i 1984 starta Leikarringen det første Spelemannslaget i Haugesund. Rundt 1990 hadde ein og svingklubb. I 1984 tok Kjell Egil Knutsen initiativ til å få i gang ei folkemusikkgruppe i Leikarringen, og slik vart Leiken Spelemannslag skipa, Ei tid hadde ein og toradargruppe. Musikarane reiste på kurs, kjøpte inn lydutstyr, og har spela på dansar i distriktet, Dei har og vore og spelt på kakkleikar. Leiken var og brukt på søndagssdansar på Kvalatun, og i 2000 spelte dei på Norleik i Stavanger. Det var ei stor stemne med folkedansarar og musikarar frå heile Norden.
Folkemusikkskulen
Haugesund Mållag og Ungdomslag starta i 1994 opp med Folkemusikkskule for barn og Ungdom. Ideen til dette kom på ein idedugnad i Skånevik i 1993, og Barnenemnda med Kjell Egil Knutsen i brodden arbeidde med å få sett i gang skulen frå hausten 1994. Det var hardingfelespelarar i laget , m. a. Siri Dyvik som ville vera med. Ein søkte Norsk Musikkråd om stønad og fekk 20 000 i løyving. Også Haugesund kommune støtta opp, og det var og andre som løyvde pengar. Det har vore stas å vera med i Folkemusikkskulen, for elevane fekk høve til å reisa på kurs både i Suldal og andre stader. Elevane har hatt programinnslag i mange samkomer. Dei eldste elevane slo seg saman til ei gruppe med namnet Stryk, og har vore med på mange konsertar og framsyningar. Dei har vore på landskappleien med god plassering. Folkemusikkskulen har og vore med i Kulturnatt i Haugesund dei siste åra.
For eit par år sidan slo dessse gruppene seg saman og danna Haugesund Spelemannslag og melde seg inn i Landslaget for Spelemenn med omlag 35 elevar.
Dei som er med Spelenemnda i 2009
Leiar Kjell Egil Knutsen, Ø. Fjellstad 35. 5550 Sveio tlf 53740557 950 43 049
Susanne Helgeland, Kvednadalsv 11, 5542 Karmsund, tlf 975 27 541
Siri Dyvik, Halvardshaugen 17, 5517 Haugesund, tlf 52736146, 906 51 921
|
|