Målstrevet i Haugesund Mållag.
Alt ved stiftinga i 1906 lovfesta ein at Haugesund Mållag skal arbeida fram det norske folkemålet i tale og skrift, og i det heile arbeida for atterreisiinga av norsk kultur..
Det varde ikkje lenge før laget tok tak i eit av dei store stridsspørsmåla på den tida: Salmane til den store nynorske salmediktaren Elias Blix. Bibelens og dei gamle salmebøkene var på riksmål eller dansk, og det var uvant å høyra skriftord på landsmål var svært uvant for mange, og det blir fortalt at ein ville hyra skriftorda på "det språket Jesus talte".
Det å omsetja kjende tekstar til nynorsk var kontroversielt, og det vart storm då Det Norske Teatret framførde Peer Gynt på nynorsk etter den andre verdskrigen.
Dette med innføringa av Nynorske Blix-salmer skulle bli ein heller lang affære. Etter eit kyrkjelydsmøte etter gudttenesta i Vår Frelsers Kirke om Blix si bok "Nokre salmar" Nokre kjende personar på den tida hadde sendt søknad til kyrkjestyret om at desse salmane måtte få ssin plass i Kyrkja, men etter eit ordskifte enda det opp med at tida ikkje var inne med Blix-salmar. Det vart og seinare røysting i kyrkja for innføring av nynorske salmar, men vart nedstemd, og det var sterk motstand mot dette lenge. I 1923 var det innførd Blixsalmane i 31 kommunar, men i andre kyrkjer tala presten på landsmål, men Blixxalmar skulle dei ikkje ha.
Karmsund Mållag vart skipa alt i 1913, og tok til å arbeida med at lokallaga skulle driva aktivt målarbeid på ymse vis. Her kan ein nemna å spreia Norsk Barneblad, få medlemene til å halda nynorske blad, og passa på at folkeboksamlingane hadde nynorske bøker. Etter kvart arrangerte KM og skuleavrøystingar, og interessa var stor i 1930 åra. Målstrevet var i tankane heile tida, og det gjekk mykje på å få kjende talarar for å snakka om målspørsmålet, og ein baud gjerne opp til debatt om målstriden. Seinare vart det vanleg å gi økonomisk støtte til mest alle organisasjonar som hadde målsaka på programmet, slik som Noregs Mållag, Det Norske Teatret og nynorsk leksikon.
Det var elles store vanskar i krigsåra 1940 - 45, og lagsarbeidet vart for det meste liggjande i dvale. Hotek Kong Harald vart okkupert av tyskarane, og ein vart samd i å liggja lågt i terrenget, - ein heldt stort sett berre årsmøte. Der var viktig stella seg slik at det vart medt mogleg snakk om laget, på den måten skar ein klar NS i stort mon.
Etter krigen vart det vanskelegare å driva lags- og målarbeid. Det vart difor tilsett reiseskrivar av laga i nordfylket og fekk på denne måten fleire ungdomar med. Elles vart de sttrid om språkreforma som kom i 1938, og det vart arrangert fleire møte der ein hadde dette opp, og det vart mange harde ordskifte rundt dette.
Seinare vart det satsa meir på dialektaksjonar og foredrag, og det var og viktig å få meir nynorsk inn i NRK. Etter som laget fekk god økonomi, - dei fekk ein del pengar på ok etter salet av aksjar i Haugesunds Avis- så vart det løyvd pengar tii mange gode nynorsk formål, både lokalt og sentralt. Elles vart det løyvd ein del pengar til parallellklassar i Hqaugesund, men dette var ikkje lett å få til.
Målnemnda vi har i dag arbeider med å arrangera kulturkveldar med nynorsk program, samt gi støtte til nynorske forfattarar som vitjar skular i distriktet.
Dei som er med i målnamnda nå er:
Solgunn Liestøl, tlf. 936 64 995 Turid Tveit, tlf. 477 55 729, Janne B. Ekkje tlf. 412 40 178
|