Utleige Kvalatun
Adressa til Kvalatun er Kvalamarka 25, 5514 Haugesund

Lagshuset til Haugesund Mållag og Ungdomslag, Kvalatun, er mykje brukt av laget, men er og eit populært hus for andre. Huset er mykje brukt til Bryllaupsfestar og andre samlingar, som åremålsdagar og minnestunder. Huset har eit godt utstyrt kjøken, - det einaste vi truleg manglar er dukar. Dette hadde med vi i fyrstninga, men måtte slutta med det for dei forsvant for oss.
Kvalatun pynta til fest
Dette kostar det å leiga Kvalatun:
Bryllaupsfest, - då disponerer ein huset frå fredag til søndag, og kostar kr 2500,-
Fredagar og laurdagar kostar det kr 1500.- å leiga, medan
leige andre dagar kostar kr 1000.-
Til desse prisane kjem kostnader for vask etter bruk. dette kostar 1200
kroner i tillegg til dei nemnde prisane. (Styrevedtak)
Kontakt Kjell Tveit, tlf 901 41 246 dersom du er interessert i å leiga Kvalatun
|