logo   banner    
      meny    
      meny    
  :: Heim        
 

: Alle tillitsvalde iHMU

 
Kva skjer?

05.05
Teater på Kvalatun "På lokalet" Kvalatun kl 1900

Heile kalenderen

 
kart
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

 
     
 

Teaterpremiere på Kvalatun

PÅ LOKALET. Ungdomshuset, Folkets hus, Grendahuset, Lokalet, kjært barn har mange namn. Alle som vaks opp i distrikts-Noreg i etterkrigstida har på ein eller annan måte eit forhold til dette lokalet. Flittigt brukt av folk frå alle samfunnslag. I sentrum stod gjerne det gode, norske uttrykket dugnad. Gjennom felles innsats vart det skapt minner for livet.

 
På lokalet

Haugesund Teater  har sett saman eit stykke, “På lokalet” som er ein hyllest til huset vi møttest i. Dersom veggene kunne snakka, sieier ein ofte, men her skal vi la dansen fortelja historia. Huset såg folk koma og gå, dansa, sladra, forelske seg, vart skilde eller vart gamle. Livets dans vart dansa på lokalet.

 

Haugesund Teater står for framsyninga i samarbwid mwd Sogn og Fjordane teater, og vi tykkjer det er stas at hei vil ha premiere på Kvalatun

 

Framsyning (premiere) på Kvalatun torsdag 5. april kl 1900 Billettar får ein kjøpt på Festiviteten, eller på Kvalatun føre fraamyninga.