logo   banner    
      meny    
      meny    
  :: Heim        
 

: Alle tillitsvalde iHMU

 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

 
     
 

Utdrag av haustprogrammet 2017

Vedlagt eit oversyn over aktivitetne hausten 2017. Vi startar opp igjen alt siste tysdagen i August

 

Aktivitetane på Kvalatun startar opp igjen Tysdag 29/08, og her er utdrag frå programmet hausten2017:

 

 

JMålnemnda Hans T. Liestøl: Har ikkje hatt møte  men vil prøva å  få til ein kulturkveld i haust, og gjerne ein teatertur

Bunad og husflidnemnda v/Venche Lindvik:  Som ny  i .nemnda er ho litt usikker på arbeidet, men har jobba i det siste med diverse til julemessa i november. Reknar med å starta opp arbeidsmøta onsdag 30/08, vidare siste onsdag i månaden  fram til jul. Ellen meinte ein må leggja ein plan over kva ein vil arbeida med, t.d. brodering, men det er det opp til nemnda å vurdera, men laget vil støtta opp. Det berre å konferera.  Det er m.a. stolar som må retta opp skader i trekket.

Julemessa blir i år laurdag 11. november kl 11-15

              Dansenemnda v/ Vigdis Horsfjord: Vigdis har sett opp ein god oversikt over programmet for hausten. Leikarringen startar opp 5/09 kl 1930, og vi vil også ha kaffikveld denne dagen. Vi held fram som nå med leikøving annan kvar tysdag, med levande musikk og god instruksjon. Leikøvingar vidare blir 23/09, og i oktober 3/10, 17/10 og 31/10. 7/11 vil vi ha songdans samt kaffikveld.  Leikøving 14/11 og 28/11, samt avslutning 12/12

Elles er det planlagt dans laurdag 23/09, der Haugaland trekkspillklubb spelar opp.

Vi har og planar om romjulsdans 29. eller 30/12. Dette vart vellukka i fjor, så vi ynskjer å prøva igjen.

Vi har som vanleg kaffikveld fyrste tysdagen i månaden.

Ellen opplyste om at Tirsdagsgjengen startar opp 29/08, og har kaffikveld siste tysdagen i månaden  Dei har ikkje øving i haustferien veke 41.

              Hus-og Hyttenemnda v/Oddbjørg Halsteindal .

              Vi har hatt lekkasje på Kvalatun. Ho som vaskar ringde og fortalde at det rann vatn frå taket over trappene til kjellaren.  Det kom etter store nedbørsmengder, Vi fekk undersøkt taket og fann at ei helle var  glidd til sides. Dette vart reparert midlertidig og vi fekk sidan takstmann som representerte KNIF forsikring til å vurdera skaden. Det såg noko mistenksam ut. og det såg ut til å ha vore skade lenge. Takstmannen var usikker om skaden vart dekka av forsikringa,  men vi må i alle høve reparera etter lekkasjen. Eigenandel på forsikringa er kr 15000

              Vi må ha nokre dugnader  i haust, og har sett opp dugnad på Fredheim 04/09. Vi har jo gjort vedtak om at vi skal ta tilbake hytta, så vi må ha ein dugnad der. 18/09 må vi ha dugnad på uteområda i Kvalatun, og 30/10 dugnad inne.

              Vi skal ta over hytta 01/07, og 28/06 skal vi ha eit møtemed Frøiland Bygg for å få utlevert nøklar og få klarlagt nokre detaljar,