|
HMU hadde som vanleg utsendingar til landsmøtet. Det var omlag 100 utsendingar frå heile landet, det var ein framgang frå årsmøta dei seinare åra. Kan henda det var resultat av at nå er landsmøtet flytta frå juni/juli til siste helga i april-
Her kjem eit leferat frå landamøtet:
Referat frå Landsmøtet i Noregs Ungdomslag 24.-25.04.2010.
Landsmøtet vart opna kl 10:00 den 24/04. Innkalling og saksliste bleii godkjent utan merknader. Etter dette vart det namneopprop. Det vart så godkjenning av fullmakter, tidsplan og forretningsorden. Til ordstyrar vart Olav Røssaak vald.
Leiar i NU, Kristian Fjellanger hadde innleiing om årsmeldinga og regnskapen for 2009. Han gratulerte også Gunnar Rødal med kongens fortenestemedalje i sølv for mangeårig arbeid med folkedans for barn. Gunnar Rødal har undervist ca. 220 000 barn i folkedans. På vegne av Noregs Ungdomslag gav Kristian Fjellanger Gunnar Rødal et bilde som blei tatt på slottet då han mottok medaljen.
Dei forskjellige aktivitetane i årsmeldinga blei så gjennomgått og kommentert. Frå salen var det fleire utsendingar som kommenterte at heimesida til NU må fortløpande oppdaterast.
Årsmelding og regnskap blei einstemmig vedtatt. Regnskapet viste et underskot på kr. 6681. Dette kommer til fråtrekk på eigenkapitalen.
Fråsegner i sakspapira ble presentert av medlemmene i styret. Det var fleire utsendingar som hadde uttalelser/replikkar vedkomande dei forskjellige føresegnene, blant anna var det lite klarlagt frå styret si side kva føresegnene skulle brukast til, og kven de skulle adresserast til. Dette blei etter kvart konkretisert av leiaren, Kristian Fjellanger.
Etter ein lang formiddag utan pausar såg vi frem til ein god lunsj. Det var med vekslande hell at dette ble oppfylt. "Wrap" blei servert. Når ein leita godt så var det teikn til kylling og reker fordelt i "Wrapen". Kaffi og brus blei servert til.
Etter lunsjen helste stortingsrepresentant Kristina Ramsøy frå Senter Partiet landsmøtet. Ho er medlem av kulturkomiteen. Ho informerte om kulturløftet som har vore og er regjeringa sin politikk. NU fekk mykje skryt for godt arbeid. Mange fine ord, men tala viser at NU berre får kr. 400 000 i tilskot frå dei "rikes" bord. Det vart opna for spørsmål etter talen, og spørsmåla blei svart på politikarvis med mange ord utan innhald.
Der var også helsing frå Folkekulturforbundet ved Linda Aaboen, og frå Norges Bygdeungdomslag ved Inger Johanne Sveen. Dei presenterte sine organisasjonar og var opptatt av samarbeid for å utvikle kulturlivet.
Siri Strige hadde innleiing om langtidsprogrammet. Langtidsprogrammet er for perioden 2011 - 2014, og fastslår at måla som kjem fram skal være førande for tiltak i arbeidsprogram i same periode. Ved avstemming blei langtidsprogrammet vedtatt med mindre endringar.
Ottar Grepstad frå nynorsk kultursentrum helste landsmøtet. Han inviterte til vidare samarbeid når det gjeld nynorsk, " nynorsk når som helst og kvar som helst".
Hålvard B Øvregård fra Noregs Mållag helste landsmøtet. Han gav honnør til NU for å være den største brukaren av nynorsk.
Arbeidsprogrammet for NU blei presentert og kommentert frå fleire talarar. Styret i NU la frem et arbeidsprogram som skal gå frå 2011 - 2012. Programmet kommer med tiltak for å nå måla i langtidsprogrammet.
Middagen for kvelden blei servert på det Norske Teateret. Kalvesteik stod på menyen. Under måltidet heldt nyvalt leiar for Venstre tale til oss. Under middagen fekk vi fin musikk av flinke ungdommar. Dei spelte også til dans ut over kvelden.
Mønsterlov for lokallag blei presentert. Styret i NU ønskjer at mønsterlovene blir vedtatt av landsmøtet, slik at de blir eit meir juridisk dokument. Ved avstemming blei saka einstemming vedtatt.
Spørsmålet om sentral innkrevjing av kontingent blei diskutert. Mange ivrige talarar gikk til og frå talarstolen. Ved avstemming falt forslaget frå styret med 45 stemmer mot og 39 for forslaget.
Lovendringar:
De lovendringar som låg føre, sak 8.1 - 8.2 -8.3 og 8.4 blei vedtatt med mindre endringar.
Svein Svensson fra Norsk Teaterråd helste landsmøtet. Han takka for godt samarbeid og ynskte NU lykke til i det vidare arbeidet.
NU fikk også helsing frå Norsk Barneblad ved Nana Rise-Lynum som viste til nytten den oppvaksande slekt vil ha med å kunne lese et slikt blad.
Det blei gjort mindre endringar i arbeidsprogrammet. Det blei så einstemmig vedtatt.
Leiar i NU presenterte budsjettforslaget for 2011 og 2012. Etter nokre spørsmålsrunder med tilhørande svar blei budsjettet vedtatt einstemmig.
Lunsjen på søndag bar meir preg av ei faglig hand og falt i smak av de fleste.
Redaksjonsnemnda presenterte endringar i føresegnene som tidligare var presentert og kommentert. Det kom frem at redaksjonsnemnda hadde hatt vanskarr med å pare bena, så det tok noe tid å justere dei forskjellige feil. Etter kvart blei det stemt over føresegnene frå nr. 1. til 8. Føresegnene 1.-2. -3. -4.-5.og 7. blei vedtatt med mindre endringar. Føresegnene nr. 6. og 8. blei ikkje vedtatt.
Leiar for folkedansfestivalen 2010 i Bergen presenterte deler av programmet. Festivalen blir i Bergen frå 1. - 4. Juli. Det er eit samarbeid mellom NU og Bergen ungdomslag Ervingen.
Anette Figenschou reklamerte for folkedansfestivalen i Bodø 2011. Den er frå 30.6. - 3.7.
Leiar for valkomiteen presenterte innstilling til styre, råd og revisor. Med mindre justering p.g.a. permisjonar gjekk valet i gjennom i samsvar med innstillinga frå valkomiteen.
Valnemnd for 2010 blei valt i h.h.t. innstilling.
For meir utfyllende opplysningar så er sakspapir, deltakarlister og innstilling til styre, råd og revisor tilgjengelig på kontoret på Kvalatun.
Det var 7 medlemmer som representerte Rogaland.
Oppsummert så var det en lærerik helg med mange gode innspel til å arbeide vidare med.
Hilsen Ellen Oline og John Publisert: 13.08.2010
|