logo   banner    
      meny    
      meny    
  :: Heim        
 

: Alle tillitsvalde iHMU

 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

 
     
 

Sylfest Lomheim kjem til Kvalatun 25/03 kl 1300

Sylfest Lomheim kjem til Rogaland 24.-26. mars 2017, og vil snakka om litteratur og språk, og laurdag 25. mars kjem han altså til Kvalatun etter å ha vore andre stader i fylket. Vi møtest på Kvalatun kl- 1300 Han vil ta oss med på ei språkreise gjennom 2000 år

 
Sylfest Lomheim

 Sylfest Lomheim (fødd 11. mars 1945) er ein norsk språkvitar og folkeopplysar frå Hafslo i Sogn. Frå 1. januar 2004 til 1. september 2010[1] var han direktør for Språkrådet.

Lomheim er utdanna som filolog ved Universitetet i Oslo. Han var i mange år knytt til Høgskolen i Agder, der han mellom anna underviste i omsetjingsteori ved fagomsetjarstudiet. Frå 1987 til 1992 var han rektor ved høgskulen. Han har òg hatt arbeidsopphald i Frankrike. Lomheim var mellom 2004 og 2010 direktør i Språkrådet, statens rådgjevande organ for språkspørsmål i Noreg.

 

Sylfest Lomheim er særleg kjend frå NRK. Han var språkkonsulent for NRK frå 1980 til 1994, han har vore medarbeidar i radioprogrammet Språkteigen frå 1990 og delteke i den populære TV-serien Typisk norsk.

 

Vel møtt på Kvalatun 25/03 kl 1300